Lillingstonheimen ligg på Tysse i Fjaler kommune i Sogn og fjordane. Sidan 1808 har det staselege hovudhuset kneisa i lia over Dalsfjorden og husa framståande embetsmenn og engelsk overklasse. Alle har sett sine spor, men huset er i dag først og fremst prega av den engelske Lillingstonfamilien som heldt hus her frå 1880 til 1967. Dette var ein familie med stor interesse for kunst, litteratur og vitskap, noko som ikkje minst kjem til uttrykk i det omfattande biblioteket som inneheld alt frå poesi til lærde verk innan språkvitenskapane. Interiør og møblement står framleis slik det gjorde då Lillingstonfamiien rådde her og mange av Laura L. Sine vakre akvarellar prydar veggane.

Tysse er nemnd i skriftlege kjelder alt rundt 1350, men først midt på 1700-talet tek garden til å stige klårt fram frå historia. Våningshusa på garden – no kalla Lillingstonheimen – vart bygde av sorenskrivar Nils Landmark i 1808, og garden si stordomstid tok til med han. Vi skal her opne nokre få dører til historia om denne særmerkte garden, og presentere nokre av dei framståande familiane som har halde hus her:

Nitter

Trude Nitter, sersjant i ”Søndre Søndfjordske Compagnie”, kjøpte Tysse av Nagelgodset i 1742. Nitterætta kom til indre Sogn på 1600-talet, truleg frå Flandern eller Frisland. I Sunnfjord sat arvingane etter Trude Nitter som eigarar av 53 bruk, alle kjøpt av Nagelgodset. Den siste Nitter på Tysse var Hans Thiis Nagel Nitter som overtok i 1802, men berre sat med garden fram til 1808. Han selde då til Nils Landmark og flytte sjølv til Lone (kvar?), som også var i hans eige.

Landmark

Landmark-ætta kom frå Värmland i Sveige. Nils Svensson, som i 1777 kom til Bergen som vevmeister ved Manufakturhuset, er stamfar til den norske greina av ætta. Sonen Nils (fødd år -1859) vart i 1808 utnemnd til sorenskrivar i Sunnfjord, og kjøpte same året Tyssegarden. Nils Landmark var ein sterkt samfunnengasjert mann som sette djupe spor etter seg i samtid og ettertid. Som sorenskrivar og dommar var han kjent som både rettskaffen og grundig. Det heiter seg at ingen av dommane i heile hans lenge embetstid var omgjort av høgare rett. Nils Landmark vart i 1821 vald til stortingsmann frå nordre Bergenhus amt. Saman med broren Andreas, (fut og tingmann frå Romsdal amt), stod han i fremste linje i embetspartiet og var mellom kong Karl Johan sine beste støttespelarar på tinget. Så vart også sorenskrivaren slått til riddar av Wasaordenen og sidan også smykka med St. Olavs-ordenen.

I høve til standarden i samtida vart Garden Tysse driven uvanleg godt i Nils Landmark si tid. Ved hjelp av moderne reiskap som plog og harv sørgde han for at dei gamle, mosegrodde vollane blei skikkeleg dyrka. Han planta vidare skog og frukttre og var ein av dei første i distriktet som dyrka poteter. Landmark avskaffa også den utbreidde svelteforinga av husdyra. Tysse vart i det heile eit mønsterbruk, og folk kom lange vegar for å sjå og lære.

I fleire år dreiv Landmark ein slags jordbruksskule der unge bondegutar fekk ei kort opplæring i tidsmessig landbruk. I 1836 var sorenskrivaren med på å skipe”Det Holmedalske Sogneselskap” som hadde til føremål å betre landbruksmetodane i distriktet. Dette laget var opptakten til bondelaga i Sunnfjord.
Nils Landmark var gift to gonger, og hadde 15 born. Av desse kan namnast:

  • Johan 1802-78. Han var advokat og første ordføraren i Fjaler (1837-47). Utnemnd til fut i Sogn i 47.
  • Lars 1808-83. Distriktslege i Sunnfjord og med i skipinga av Fjaler Sparebank 1873. Lars var far til Marie Landmark som skipa husmorskule på Tysse og gav ut si kjende kokebok.
  • Johan Theodor 1836-1916. Lærar og seinare dosent ved Landbrukshøgskulen på Ås. Skipa i 18894 (?) Norsk Landmandsforbund (no Norges Bondelag).

Etter at sorenskrivar Nils Landmark døydde i 1859 var Tyssegarden på skiftande hender fram til 1880 då den engelske presten Claude Lillingston kjøpte den.

Lillingston

Claude Augustus Lillingston (1836-1905) var av engelske overklassefamilie og ordinert prest i den engelske kyrkja. Han gifta seg i 1863 med Edith Pares, og dei kom til Bergen i 1865 med sitt eldste barn. Lillingston-familien trong ikkje tene til levebrødet sitt. Det Claude Augustus søkte var ein stad der han kunne ofre seg for studiane sine i fred og ro. På Tysse fann han det han leitte etter. I 1880 kjøpte han Tyssegarden og slik vart Landmarkhuset til Lillingstonheimen.
Claude Augustus arbeidde i mange år med å skrive ei vitskapleg samlikning av dei ulike verdsspråka, deira opphav, slektsskap og alder. Kjeldematerialet hans, t.d. baskisk-spansk og engelsk-walisisk ordbok, står framleis i biblioteket på Lillingstonheimen. Claude Augustus fann aldri utgjevar til skriftene sine.
Edith og Claude Augustus Lillingston hadde 11 barn. Sønene gjekk i skule hos faren til dei kunne gå direkte inn på Cambridge University, medan døtrene dreiv med meir huslege og kunstnarlege syslar.

  • Laura (1867-1957) var ugift og budde på garden heile sitt liv. Ho måla og teikna mykje, og mange av akvarellane hennar finst på Lillingstonheimen.
  • Claude D.Y. (1881-1961) var allmennpraktiserande lege i England før han vart visepresident for Røde-Kors-ligaen i Paris. Då han og kona hans, Ingeborg, vart pensjonistar, flytta dei attende til Lillingstonheimen.
  • Syskena Laura, Edith og Michael overtok garden etter foreldra i 1909. Den siste Lillingston på Tysse var Edith som døydde i 1967.

Hovudhuset og hagen kom no i offentleg eige som ei testamentarisk gåve til Fjaler kommune. Ønsket i testamentet var at Lillingstonheimen skulle nyttast som representasjonsbustad eller kvileheim. Garden elles vart i 1968 overteken av familien som hadde forpakta den i mange år.

Fredensborg

Oppi åsen bak Tyssegarden fekk Nils Landmark i 1824 kongeleg løyve til å opprette ein gravstad for huslyden sin. Her ligg både han sjølv om mange frå ætta gravlagde. Rundt gravstaden etablerte han til eit heilt parkanlegg. Sonen Johan Th. skildrar det slik i ei brev frå (årstal) :

Omkring gravstedet anlagdes en smukk park med grusete veie, plantene allear og en samling av forskellige trær, et rent arboretum. Til pryd blev arrangeret et springvand, som ute i vandet fra dets overflate sprand høyt tilveirs midt foran den allé, der fra vandet førte opp til gravstedet. Om Sommeren førte mine foreldre sine gjester op til denne park, hvor benke og stenborde indbød til hvile. Her servertes svaledrikke, te, vin og kage, medens andre av selskapet gjorde ride-og kjøreture omkring vandet eller rodde rundt paa dette og derfra glædet den i land-værende del av selskapet med sang og musikk.